Skrevet av stuntpoet Arne Torget til Førsprell på Norsk Revyfestival 2019.
Velkommen til Norges kjekkaste plass
Der revynorge er klar til å gje gass.
Han byrjar å bli vaksen no, festivalen vår
Den fyllte heile 32 år.
32 år med moro og humor av ypperste klasse
Vennskap og glede er med på lasse’.
Nok ein gong var Høylandet fyllt av kjære, kjente og nye fjes
– i norsk humor er Oslo knapt ein parantes.
Høylandet, dette landet som flyt av sauer, mjølk og honning
Der Lorents Mørkved er konge og Hanne Vilja Sagmo er dronning.
Høylandet der alt da løgna og snåle er normalt
Og Oslo er fryktelig usentralt.
Det er fantastisk å stå her blant det beste Norge har å by
Av det beste i folkeleg humor, alvor og revy.
Kor vakkert er det ikkje for oss revyfolk å komme til Høylandet å spela
Det er vi som er den ekte norske folkesjela.
Fjernsynsnoreg må læra seg å ta Revy-Norge i bruk ellers går dei på ein smell
Folk er leie av såkalla kjendisar som har vist rompo si på Paradise hotell.
Kva er det å servera gjennom ei fjernsynsrute
Tattoverte doddisar med kuken ute?
Kva skal ein med halvkjende realityfolk på menyen
Når ein heller kan servera kvalitet frå Lånkerevyen?
God humor med Harald Morten Bremseth og Anne Berit Sivertsen må no vera nummer ein
Samanlikna med kløfto til Aylar Lie og revskåro til Charter-Svein.
Pål og Thomas og Litj-lånke har vore med å gitt Lånke ry
Som norges desidert mest kreative og mestvinnande revy.
Og Skatvalsrevyen sette oss i godt humør
Med Terje Stamnes som Siv Ligne..og som taxisjåfør.
Tjongfjorsrevyen med mellom anna Elisabeth Sjåvik Monsen sine sprell
Ikkje minst med beste monolog i 2017 med «Et siste farvel».
Malangsrevyen med Kent Are Amundsen og co med sitt «Trygghetstyrranni»
Og ikkje minst med fjorårets vinnar «Strikkemani».
Altarevyen med «Presten», den var jo berre heilt vill
Med Tommy Berg som er Alta sitt svar på Benny Hill.
Ingen tvil om at revy i nord er aller best
Med god galskap som med Isbjørnmafiaen frå Hammerfest.
På Vestlandet har me via Fitjar og «Berre galskap» fått fram mykje flott
Som Lurarevyen, Strand Revylag og Vossalått.
Fedje Teaterlag får folk til å le så dei verke
Og so Fitjar då.. der innavl er eit heidersmerke.
Homo Ludens, det leikande menenske som med lempe og list
Får fram intelligens og hjertevarme med Erik Wist.
Som viser at revy og humor har meir enn latter som bagasje
Men som og kan sjåast på som ein levande bandasje.
Og det må nevnast den fantastiske dametrioen Kvitter frå Knotten
Der Aina Kristiansen, Rakel Sivertsen og Marit hammer står for låtten.
Noreg er fulle av revylag rundt i det fri
Frå Ørlandet, Budal, Hemne og Ski.
Over heile distriktsnorge helde dei koken
I Grong, i Ringsaker, i Gauken og Kroken.
Frå Gangspærr, Håssåsig, Strøbend, Skatval og Skøy
Klungervik, Nerbygda og BLØGG, det er gøy!
Frå Høgheim og Solvoll til Melhus og Voss
Kven lagar liv i distriktet, jo det er oss!
I Dimna og Vennastranda er det revylaga som får det til å skje
Og i Indre Beitstadford, kor i faen e no det..
Vi kjem frå heile landet og har grunn til å vera kry
For det er vi som er dei beste på humor og revy.
Det er revynoreg og Høylandet som gjer landet komedie
Alt så skjer i Oslo er faen meg ein tragedie.
Amerikanarane har sin Oscar når dei feirar seg på glitrande vis
Kanskje burde ein «Lorents» vore revynoreg sin gjevaste pris?
Kor stas hadde det ikkje vore å kome heim med favnen full
Av den høgthengjande «Lorents», ein tullkuk i gull!
Lat oss ta vare på Høylandet og vårt fantasiske fora
Anten me kjeme frå Halsa, Lura eller Flora.
For noken vakre dagar med revy, samkvem og song
– Så… Revyfolket e klar for Høylandet… nok ein gong!